Etablering av «Kyrkja for alle»
Plan for det vidare arbeidet:
- Lanseringa skjedde 04.02.2022. Vi tar straks fatt på ein profileringsprosess generelt og mot gitte målgrupper. Første mål er at vi skal få minst 300 personar som vil skrive under på ei formell registrering, slik at nomineringsgruppa kan stille lister ved komande kyrkjeval i 2023.
- På samme tidspunkt som lanseringa, har vi oppretta ei heimeside. kyrkjaforalle.no
- Etter lanseringa opnar vi parallelt for å bli medlemmer og støttemedlemmer.
- Vi tek sikte på ein første kontakt med nye medlemmer i mars 2022. Vi legg opp til orientering og drøfting av strategi og vegen vidare.
- Første profileringsaksjon blir i perioden 01.03.2022 – 01.05.2022. Formål: Å gjere nomineringsgruppa kjent, og å få etablert lokale kontaktar + medlemmer.
- Pr. 01.03.2022 startar arbeidet med vidare program. Dette skal byggje på 12 punkts programmet vårt.
- Første årsmøte vil bli halde seinast pr. 01.10.2022.
- Andre profileringsaksjon blir i perioden 01.09.2022 – 01.11.2022. Formål: Å skaffe nok lokale kontaktar og mogelege kandidatar.
- Pr. 01.09.22 startar arbeidet med lokale valprogram for valet i 2023. Kortprogrammet skal vere eit felles grunnlag for dei lokale valprogramma. Kortprogrammet skal også nyttast til felles nasjonal profilering av nomineringsgruppa. Arbeidet vert avslutta pr. 01.01.2023. Endelege program skal vera klare seinast 10.02.2023.
- Pr. 01.11.2022 startar vi formelt arbeidet med å få kandidatar til listene. Målet er lister i alle bispedøma.
- Pr. 01.11.22 startar vi arbeidet med å lage lokale tillegg (ut over basisprogrammet) til dei respektive bispedømerådsvala / valet til kyrkjemøtet. (Samla vil valprogrammet ha ein felles del pluss ein lokal del.)
- Ultimo februar 2023 vert det første ordinære årsmøtet for nomineringsgruppa «KYRKJA FOR ALLE» halde. Vanlege årsmøtesaker, strategiar, program og profilering av kandidatar og lister.
- Start av valkamp med sentral og lokal profilering, startar pr.01.03.2023. Dette vil skje i to periodar: 01.03.2023 – 20.06.2023 og 10.08.2023 – og fram til valet.
Vårt mål: Ved valet skal minst 30 % av dei avgitte røystene tilfalla «KYRKJA FOR ALLE».